Rauset - ein gard i Gloppen, Nordfjord

Garden Rauset ligg i Gloppen kommune i Nordfjord, og har røter til bake til vikingtida. Slektsnamnet kan kome frå mannsnamnet Raudr (frå "raudi" - myrmalm) eller fargen raud. Fyrste kjende person knytta til garden var "Iver på Rødesetter", nemnd i manntallet frå 1520.

Gjennom mellomalderen og barokken hadde namnet mange former, som Røszetter, Røedszætter, Røesetter, og på bygdemål heiter det "Rau'sete". Gården er delt opp i seks bruk: Storsta, Gammesta, Per-bruket (som far min kom frå), Skuleplassen (under Per-bruket), Utigard og Bol-bruket.

Per-bruket drivast i dag av Reidar Rauset og kona Gerd. Dei har tre born, Elfrid, Geir Rune og Margunn. I 2001 laga dei til eit stort slektsstevne, då vart heile familien samla frå alle kantar av landet.

Mer om Rauset kan du lese i Per Sandals Soga om Gloppen og Breim, bind 3.

Bilete frå Rauset

Sjedu.no - nyhende frå Sørstranda i Gloppen Kommune

Til rauset.no