Kategoriarkiv: Slekta

Rauset – ein gard i Gloppen, Nordfjord

Garden Rauset
Garden Rauset ligg i Gloppen kommune i Nordfjord, og har røter til bake til vikingtida. Slektsnamnet kan kome frå mannsnamnet Rauðr (frå «raudi» – myrmalm) eller fargen raud. Fyrste kjende person knytta til garden var «Iver på Rødesetter», nemnd i manntallet frå 1520.

Gjennom mellomalderen og barokken hadde namnet mange former, som RøszetterRøedszætterRøesetter, og på bygdemål heiter det «Rau’sete». Gården er delt opp i seks bruk: Storsta, Gammesta, Per-bruket (som far min kom frå), Skuleplassen (under Per-bruket), Utigard og Bol-bruket.

Per-bruket drivast i dag av Reidar Rauset og kona hans, Gerd. Dei har tre born, Elfrid, Geir Rune og Margunn. I 2001 laga dei til eit stort slektsstevne, då vart heile familien samla frå alle kantar av landet.

Mer om Rauset kan du lese i Per Sandals «Soga om Gloppen og Breim», bind 3.

Bilete frå Rauset  (lenke kjem seinare!)

Sjedu.no – nyhende frå Sørstranda i Gloppen Kommune